HEIM   NYHENDE   KONSERTAR   MEDIA   BAND   KONTAKT   LENKER  

Media

Platemelding av Rock For Rus i 800Grader.com

Beinkjør Rock For Rus 2008"Me har verdens lengste tunnel og verdens lengste fjord, og pissar du i fjorden blir du slått ned med eit bord" Verselinjer som denne frå "Såggning" og drøssevis av liknande, herlige, absurde naudrim gjer at "Rock for Rus" blir ei av dei morsomaste platene du får høyra i år. Beinkjør er ikkje bare det beste pønkbandet frå Sogn og Fjordane, det er kanskje det beste i Noreg. Det er ingen andre som er meir reindyrka pønk når det gjeld både stil og musikk. Dei er pønk slik mor di ser for seg når du seier ordet 'pønk' til henne. Bandet prøver ikkje å vera pønk – dei ER pønk. Faktisk det som er minst pønk med dei, er at dei er frå Sogn og Fjordane. Men samtidig er det neppe nokon i Noreg som er meir ironiske i forhold til pønk-sjangeren. Elles ville dei neppe gitt ut denne plata?

Men, til sjølve plata: det er ikkje bare dei morsomme tekstane som er grunnen til at du skal kjøpa denne plata - dei høyrest bra ut og! Mange av sangane riv deg med slik som bare pønk kan. Eg vil særleg trekka fram "Kriminell", "Såggning", "Framtid i Lærdal" og "E68", klassiske pønk-sangar ein lærer etter ei gjennomhøyring. Nei det er bare å skaffa seg plata, og sørg samtidig for å møta opp neste gong dei tek E68 over Filefjell og speler der du bur.

Offisiell pønk-teljing i denne platemeldinga: 9

 

Submitted by btbirkeland on January 20, 2009 - 02:16

800grader

 

« Attende