HEIM   NYHENDE   KONSERTAR   MEDIA   BAND   KONTAKT   LENKER  

Band

I år 2000 la to dretungar ned dei fyrste byggesteinane i det som skulle bli Lærdals minst verneverdige byggverk: Beinkjør.


To heimebrente album med rølpepunk vart spelt inn delvis på hybel og delvis i eit nedlagt pels-slaktehus før bandet flytta til Bergen for å bli eit ordentleg band.

Vel, i det minste eit band med ful besetning.

Albumet Rock for Rus med den uekte sogneslageren Såggning kom i 2008 og i 2010 kom albumet Skot & Skrømt som tok føre seg livet i Indre Sogn, på godt og vondt.

I 2019 gjenforente Beinkjør seg for ein konsert på festivalen Joreplerock i Lærdal. Kva som skjer vidare veit man ikkje. Knapt bandet sjølv.

 

Til pressebilete